Thursday, January 18, 2007

Bueno dia muchachas.

I helga er det to veke sia vi begynte på kurset, eg skal på elvepiknik med familien eg bur med og therese skal dykke.

Vi er dei mest flittige studentane på skulen og min profesora kan ikkje sei ofte nok kor intelligent eg er. Ho burde fått ein utnevnelse i motivasjon, smiger er jo som kjent det beste eg veit. Har ikkje gått ein dag utan at eg har gjort lekse!

Her e fine folk også. Mykje europearar, har ikkje møtt nokon nordmenn enda, men har hørt det finnes tre andre her. Liten by med andre ord. Faktisk så liten at det sjelden går ein dag mellom kvar gang ein treff kjende på gata som enten har solgt deg ein is, smykke eller lånt deg eit surfebrett. Apropos is hendte det i forrige veke at eg vandra inn i stova til nokon og spurte om å få kjøpe ein is. Vi vart ståande litt å sjå på kvarandre før vi kom fram til at dei som budde der var fra peru og den isen kunne eg få gratis. No, nokre dagar seinare har eg lært å lese dei fleste skilta og har funne ein utmerket iskiosk på bussstasjonen.

Det gledar meg forresten å fortelle dykk at det finnes ein norgesmester i ludo i mitt reisekompani.

No comments: