Sunday, January 28, 2007

min rekovalens tid har gaatt i rekordfard, allereie no er ting tilbake i gjenge og eg blir plystra til paa gata slik det skal vere. nett i dag har vi vore paa skulen i 9 timar og har 4 nye tider for verb i hodet. det er saa mykje spraak her nede at det er lett aa miste oversikta, for det meste gaar det i spanvega med litt engelske avsporingar.

her sit therese og gjer det vi kan best, boeye. boeye og boeye tilbake igjen. eller skrive ein historie.
vaar profesora J.L Costa Rica
Dei amerikanske fruene, Ryan og oss fekk eit lynkurs i lokal kokekunst.

klasseromma, vaart er bak den store buska. i den lokale faunaen finnes frosk, ape, to smaa kvalpar og dovendyr.


dagen etter eg hadde lege nede for telling i nesten ei veke paa grunn av feber og medfoelgande nervoersitet for ein spennande tropesjukdom tok eg med meg surfebrettet paa stranda. Foer eg entra boelgene rakk eg saavidt aa moete att ein kjenning og uttale at eg endelig hadde aerklaert meg sjoelv frisk. Eg hadde ikkje ein gang padla meg ut til djupt vatn foer eg fekk ein finne i foten paa foerste boelga.

det vart oppstuss, saar som maatte i press, pass som ikkje var teke med paa stranda, det begynte aa regne, det blei gitt gode raad som gjekk fra aa unngaa doktorar som kunne minne om slaktarar naar dei sydde paa tynne bein, til anbefaling av innsmurning av kufett naar saaret hadde begynt aa gro.

vi fekk koyre ambulanse paa sjukehuset, og stemningen vart saa god at vi tilogmed lo litt. dette var jo ikkje alvorlig nok til aa bruke oksygen-tilfoersel eingang. eg kunne ta det med ro.

etter at Danny med brylkrem og gullkjede hadde vaska saaret med eit slikt handlag at therese var forskrekka over min smertegrense (rett nok etter ein liten dose lokalt tryllepulver), kom ein doktor og sydde meg pent sammen. seks sting utenpaa, uvisst kor mange inni.


og no har eg sett tv i snart to doegn og begynt paa boekene til therese fordi eg har lest ut mine eigne. alt vel med pasienten, eg har eit midlertidig litt snodig gangelag og kjedar meg utover min eigen fatteevne men helsa er upaaklagelig.




Wednesday, January 24, 2007


Muchachas paa bussen. det maa vere fraa veke 1 for vi er langt meir brune no!
Gata der internettkafeen ligg. Gata bortafor.
Therese maatte klatre over porten ei sein natt. heldigvis har familien hennar berre ein frisert puddel og ikkje ein stor grisk kjoeter.
Min familietico paa utflukt. naar eg trudde familien G pakka tungt, saa moette eg desse. vi hadde saa mykje bagasje at vi laut bruke taket paa taxien for aa faa med alt!
min pappatico og minstejenta Sharon.
den beskjedne leirplassen. Ingenting aa seie paa innsatsen, vi hadde sjoelvsagt med gassgrill og manchete! min profesora, Lily, i klasserommetventa paa at skulen skal begynne. litt California og litt Canada Mi casa!

...og therese med eige brett.

Tuesday, January 23, 2007

Feber

mens det berre blir meir og meir lekser har det berre blitt mindre og mindre helse. og feber i eit land som allereie er varmt nok i seg sjoelv er ikkje berre blomster. har sove snart to doegn no, og syns det snart foer klare seg.

kjoepte sjokomelk og kokoskjeks idag, og tok taxi heim etter skulen saa det er litt fint aa vere pjusk og.

idag begynte vi paa preteritum simple, eit stort tomrom er i ferd med aa fyllast. snart skal vi laare imperfektum og ein gradboeying for saker man oensker skal hende. alt eg ikkje har hoert om foer. det er nesten komisk. A, eg lurer paa kva vi brukar apokope til i norge..? her nede er det forbeholdt nekting og medhold i maskulinum singular. er det gjengs?

ullgenseren din kjem godt med for tida B, var ei stund litt betutta fordi eg aldri brukte den, men no soev eg i 30 grader og frys paa hodet.

neste gang kjem bilder.

Friday, January 19, 2007

hastemelding foer salsadans

eg beklagar aa ikkje ha avsloert spoeken foer. sjoelvsagt kan eg ikkje surfe! har ikkje staatt paa begge beina inn til land ein einaste gang!!! men det gjer varar ikkje lenge no, for vi har kjoept oss brett! hohoho! :D

dykk vil faa bilete av toerrtreninga. eg lovar.

Thursday, January 18, 2007


to nye kjenningar. ein fra amerika og ein som gjerne ville dele maten min.
Bueno dia muchachas.

I helga er det to veke sia vi begynte på kurset, eg skal på elvepiknik med familien eg bur med og therese skal dykke.

Vi er dei mest flittige studentane på skulen og min profesora kan ikkje sei ofte nok kor intelligent eg er. Ho burde fått ein utnevnelse i motivasjon, smiger er jo som kjent det beste eg veit. Har ikkje gått ein dag utan at eg har gjort lekse!

Her e fine folk også. Mykje europearar, har ikkje møtt nokon nordmenn enda, men har hørt det finnes tre andre her. Liten by med andre ord. Faktisk så liten at det sjelden går ein dag mellom kvar gang ein treff kjende på gata som enten har solgt deg ein is, smykke eller lånt deg eit surfebrett. Apropos is hendte det i forrige veke at eg vandra inn i stova til nokon og spurte om å få kjøpe ein is. Vi vart ståande litt å sjå på kvarandre før vi kom fram til at dei som budde der var fra peru og den isen kunne eg få gratis. No, nokre dagar seinare har eg lært å lese dei fleste skilta og har funne ein utmerket iskiosk på bussstasjonen.

Det gledar meg forresten å fortelle dykk at det finnes ein norgesmester i ludo i mitt reisekompani.

Monday, January 15, 2007



yo pongo in hamokka

"hang loose" - therese demonstrerar surfespråket men er litt fersk i hengekøye-oppheng.

Wednesday, January 10, 2007

Surf´s up

Surfa idag. har foett grasklipparskille paa armen og er rett kjekk aa sjaa te. og imaara skal vi kjoepe brett. vi kan kalle meg la talenta natural.

Tuesday, January 09, 2007

strandapanda

Tulla litt naar eg sa vi skulle vere paa stranda, er i nasjonalparken med samme navn og vi har sett dovendyr (trur eg) og denne fisla som skiftar navn etter omgivelsane..! maa visst bli litt betre aa navngje faunaen.. men eksotisk var det! Therese hadde sett apekatt og, gler meg til mitt foerste moete.

Desse bileta lurer eg litt paa. sidan min data er utan internet, og desse maskinene paa kafeen er utan usb ser eg ingen umiddelbar loesning paa korleis mine knips skal kome paa veven. (jeps A, eg er blitt nedgradert til knipser etter eg kjoepte eit kjipt kompakt digitalkamera)

Om eit par dagar haapar eg aa sjaa ei stor skilpadde. intill da, ha fin dag godaste lesarar.
Framme

trudde mest den tunge sekken skulle bli min bane, men no 12 timar etter at vi kom fram har eg gloymt kor daarlig eg er aa pakke.

om 20 minutt skal eg ha min foreste one to one spansktime, daa nivaaet ikkje var heilt optimalt. mitt nivaa altsaa. saann skal det vere heile veka. og timane foregaar sjoelvsagt paa stranda.

Thursday, January 04, 2007


reisebrev #1


heime i Kjølsdalen. To daga til eg reiser, og ikkje ein einaste ting i ryggsekken enda! Har ladda opp til tur med soving, tulleprat og eting. er ute av trening med denne skrivingen, så eg legg ut eit bilde av meg sjølv i staden.