Thursday, February 22, 2007

the spanglish is getting sour.

dette med forskyving av semesteret er i hoegste grad eit rart fenomen. no sit vi i baños, og lengtar litt til skulen begynner. godt over to maanedar juleferie er eit krevande prosjekt. i den grad det kan kallast hjernetrim har eg blitt hekta paa tetris (kven hadde trudd at ein kjip og billig bruktmobil kunne inneha dette mesterverk av eit spel!?) og therese er blitt (som tidligare nevnt) ein rev i sudoku. heldigvis begynner skulen paa mandag.

men dette betyr ikkje at det ikkje er knas, kos og moro paa tur! nett no er vi i byen baños, direkte oversatt blir det baderom. og det er nett det det er. vi er framleis i andesomraadet, men berre omlag 2000meter over havet, vulkanane i omraadet har varma opp grunnvatnet og her er basseng for enkvar anledning. nokre er kurerande, andre boblar av mineralar medan nokre beint ut er kaldevatn. og byen har meir enn berre badevann! igaar reiste kristin, therese og eg paa sykkeltur nedover mot amazonas. mens idag reiste ein chilenar, ein lokal kid og eg paa ridetur paa fjellet bak byen.

noko av det som opptek meg mest naar eg reiser saa uvanleg hoegt over havet er tregrensa. det kan sjaa ut som den ikkje er saa stabil og grei som eg hadde ein oppfatning av i noreg. berre ved ein anledning har eg klart aa kome over dette skilje i ecuador, og det har jo aldri tidlegare vore noko vidare bestigning heime. aaa, eg treng ein forklaring og eit haldepunkt.

etter nokre dagar til med utforsking av sierraen skal vi tilbake til quito. det vart vel nevnt at det var ein stor by foer eg reiste men at 2,5 millioner mennesker skulle vere saa mykje det hadde eg aldri trudd! heldigvis har eg faatt meg ei herlig reservemamma. eg er innlosjert hjaa direktoeren for ping-pong forbundet i quito, i tillegg til meg bur pappaen hennas paa 94 og ein halt hund i huset. og min nye fetter er ikkje langt unna ein OL-deltagelse. utan aa love for mykje kan det tenkast at eg kjem til aa legge inn litt timar med ping pong trening sjoelv ogsaa. om ikkje anna saa fordi den overlegent beste isen er aa finne rett utanfor stadion.

sa eg at eg har faatt meg mobil? nett no er det slik at eg ikkje hugsar nyenummeret, men berre saa det er sagt saa er det ingen hensikt aa bruke det gamle.

No comments: