Friday, April 20, 2007

paaskeferien # 1 Foer vi kunne reise nokonsomhelst plass aat vi dei tolv apostlane heime i Quito. Ein for kvar belgfrukt kompanjert med toerrfisk. Kristin og eg reiste til Guayaquil med nattbussen. Etter at eg hadde sutra fra meg om kor troett og uinteressert eg var i kunst og kultur gjekk vi paa kjempemorsom marathon-sightseeing!
Det beste museumet var forhistorisk antropologi. Kulturstoevsugar Kristin og eg var henrykt over den enkle humoren i nokre av antikvitetane.
Eg trur eg veit kor Carl Barks fekk ideen til firkantegg-historien.. Det eine overgjekk det andre..
Og vi fekk inntrykk av at Chilenarane laag litt bak dei andre landa i forseggjort utsmykking.
Midt i sentrum hadde eg mitt andre moete med skilpadder, eg delte oeyeblikket med ein enorm iguana! ..... Den paafoelgande dagen var langfredag og vi hadde blitt fortalt at Guyaquil husa den stoerste paaskeprosesjoen i Ecuador. Det dei hadde gloemt aa sei var at prosesjonen i sin helhet besto av mennesker i normal-toey, ikkje utkledd som jesus og disiplane slik som i Quito. Det var igrunnen litt doell naar vi sjoente det, men vi oppdagde anna goey..



Det vart gjort butikk av kakerlakkavkom. Desse mirakelbarna hjalp mot diabetes, magetroebbel, hodepine, muskelsmerter, kreft og rynker, og det beste av alt; dei smakte som kokos. og vi moette ein som hadde gjort alvor av aa bake eit taarn med boller. litt utpaa kvelden la vi i veg til hovedattraksjonen i byen. eit fyrtaarn opplyst av neolamper til det ugjenkjennelige,
og naar du var lei av utsikten fungerte taarnet utmerket som makeoutlounge. Rett nedi hoegget laag ei like opplyst kirke, og eg har aldri foelt meg naerare Las Vegas enn da.

fortsettelse foelger, del to; la playa

3 comments:

Anonymous said...

ah, ser herlig ut. gler meg til fortsettelse. og til du kjem heim :)
-b

Anonymous said...

Spennande påskeferie dette Elin.

Anonymous said...

oppdatering, kjære deg?
b